- Project Runeberg -  Forteljingar /
51

(1897) [MARC] Author: Vetle Vislie With: August Berg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

SLAATT ELDER SALME 51

Ein av gutarne tok ei flaska or lumma og gav
honom, og Ivar drakk, drakk dugeleg.

So tok Per honom i armen og leidde honom inn;
Ivar sette seg i benkjekraai og tok til aa spela, og
sovore spel hadde dei ikkje høyrt fyrr der i bygdi.

Men daa han gjekk heim um natti, totte han
alt hadde vorte so stygt. Det gamle liv — aa nei,
det var gravlagt longe sidan. Ingen, ingen kunde
vekkja det or dauden.

Og skogen susa tungt, skyerne hekk vaate ned
yver dei svarte fjelli, og skoddi kom dragande kald-
vaat upp gjenom elvedrage:

«Munnen lær, og hjarta græter,
det er so lite gaman.»

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 14:13:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/vvfotelj/0062.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free