- Project Runeberg -  Forteljingar /
64

(1897) [MARC] Author: Vetle Vislie With: August Berg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

64 VETLE VISLIE

han Olav Asia og, innmed bordenden; han var
fjordemann 1 whist-lage.

— Bratterud gir! ropte ein av bykararne.

— Makker kan gjeva, eg kjem snart att! ropte
Nils, han gjekk ned i kjellaren med ei stor ølskaal
i handi. Eit bil etter kom han upp att, med bollen
full av heimebryggja øl, og baud Johans aa drikka.
Det kunde ikkje nytta aa koma til skulemeistaren
med bajads-øl elder dram. Det var elles vel, at
ikkje Johans hadde gjeve gaum etter at Nils hadde
løynt ei flaska fransbrennevin i trøyefore, i di at
han steig ned i kjellaren.

— Men det var daa eit utifraa sterkt og godt
øl du hev bryggja, sa han, og vilde senda bollen
ifraa seg.

— Aa langt ifraa, svara Nils, og glirde i det
same med dei smaa grise-augo sine burtyver aat
bykararne. Ei høna kunde drikka so mykje ho
vilde av dette skvipe .. ho vilde ikkje kjenna det
ein gong. Du lyt endeleg drikka deg utyrst.

— Aldri bjo meg meir, du!

Johans drakk atter ein gong og smatta. Nei for
eit utifraa godt øl, so søtt og likevel so vel humla.
Gud gjeve han kunde faa ho Guri til aa bryggja
slikt øl til joli!

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 14:13:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/vvfotelj/0075.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free