- Project Runeberg -  Forteljingar /
66

(1897) [MARC] Author: Vetle Vislie With: August Berg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

66 VETLE VISLIE

—- Du spela daa den gongen du var i byen like-
vel, sa Nils.

— Det var berre for moro det; men her spelar
de um pengar .. nei, det hev eg ikkje hug til. Det
var elles meiningi eg skulde tala eit par ord med
deg, Nils, dersom du hev stunder.

Han reiste seg ustø upp fraa stolen, og so gjekk
han og Nils inn i kammerse. Johans sette seg
paa ein stol, men fekk ikkje fram eit ord, fyrr Nils
tok til.

— Du maa gjeva deg til i kveld, Johans, og
spela kort med os. Du skal beiske dø ikkje trega
paa det, og tapar du, skal du faa det godtgjort alt
saman. Og fær eg no desse kararne til aa taka
timbre mit, so skal du ha pengarne dine um fjortan
dagar, so sant du sit der paa stolen. No maa dei
smyrjast, ser du; handel gjeng aldri elles, aldri,
ser du.

Johans totte dette høyrdest so rimelegt ut, at han
gjekk inn att, sette seg inn aat borde i staden for
Olav og tok imot korti.

I fyrstningi vann han, og så so grand, um han
so hadde daarlege kort .. det var kje so faarlegt;
Nils bitala.

Dei tok no til aa drikka punsch, og Johans laut

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 14:13:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/vvfotelj/0077.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free