- Project Runeberg -  Forteljingar /
93

(1897) [MARC] Author: Vetle Vislie With: August Berg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Høst til fjells og langt fraa aalmannvegen ligg
tvo einbølte gardar;, Venalid og Haukaas. Paa aust-
sida er bygdi; men det er mest ei halv mil til
næraste granne. Vest og nord hev du ei fjellvidd
paa mange mil; mot sud er det vide flæe med aasar
og rister, so langt du kan augna.

Fyrr stod det tjukk granskog kring gardarne og
heilt inn paa jorde; men no er skogen uthoggen.
Ikkje ein gong bjørk og osp hev fenge stae i fred.
Snautt og bert ser det no ut; bergkollar og buste-
lyng, kvar du snur deg. Ingen song lenger gjenom
storvaksen skog; ingi ospelauv skjelvande og bli-
krande i vinden; ikkje finst der lenger løyndoms-
fulle bergglovor, der rev og gaupa kan liva i fred.
Urerne ligg no nakne uppetter fjellii med høge
bringeberbuskar, og eit og anna lauvtre, som det
ikkje løner seg aa tyna.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 14:13:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/vvfotelj/0104.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free