- Project Runeberg -  Forteljingar /
95

(1897) [MARC] Author: Vetle Vislie With: August Berg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

VARSEL 95

Andlite var bleikt, augo vart store og stive. Ho
gjekk som i draum, sveiv fraa det eine rome til det
andre, vilde helst vera aaleine, og tok til aa lesa i
bibel og salmebok. Naar han Haavard kom inn
fraa arbeide, fann han henne stundom graatande
ved vogga; men aldri vilde ho vita av, at ho vanta
noko. Var det fleire saman, sat ho tagall og stirde
framfyre seg, som saag ho eitkvart langt burte. Ho
lo ikkje lenger. Naar ungdomen samla seg sundags-
kvelden og sat og fortalde løgne sogor elder kvad
morosame stev, kunde dei stundom faa henne til
aa draga paa smilen; men ho tok seg liksom att og
sukka endaa tyngre en fyrr. Likevel vilde ho
gjerne at ungdomen skulde hava leik og gaman, –
ho var ikkje sær elder vanskeleg, som sjukingar so
titt er.

So var det ein vaardag ho nøyddest til aa leggja
seg. Ho vart med ein gong so trøytt og mod, at ho
skalv i kneledarne, og ho tykte at stova og alt
sveiv. Daa Haavard og tenestguten kom inn til du-
gurds, laag ho burt i sengi i ein halvdorm.

— Men hjarte-vene, Dagny, er du sjuk? spurde
Haavard. — Aa nei, ikkje det helder, sa ho. Men
eg vart so rart laga . . . eg tviskilar, og so tiss eg
at sengi fer attyver ..

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 14:13:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/vvfotelj/0106.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free