- Project Runeberg -  Forteljingar /
103

(1897) [MARC] Author: Vetle Vislie With: August Berg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Torgrim gjekk jamt fyre meg, medan han livde,
difor lyt eg nemna honom fyrst no og, daa han er
daud.

Eg visste ikkje, at eg i mange aar hadde bore
agg til honom. Eg kom honom so sjeldan i hug,
og vona eg hadde tilgjeve honom, daa Gud tilgav
meg; men so ein dag fekk eg sjaa ned i meg sjølv,
og daa synte det seg, at der sat mykje vondt att
langt inn i hjarterøterne. Eg takkar no Gud, at han
hjelpte meg til at faa det vonde ut.

Kor hard i hugen eg den gong var, kan eg
skyna av det, at eg ikkje vart glad, daa eg høyrde
den store syndaren vilde umvenda seg. Ikkje
for det, eg ynskte honom ikkje aat svartehole; men
himmelen tyktest meg vera honom for god.

Naar eg tenkjer paa det og fortel um det no,
skjemmest ’eg yver meg sjølv. Eg kallar meg ein
kristen, men eg tenkte som ein farisæar.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 14:13:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/vvfotelj/0114.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free