- Project Runeberg -  Forteljingar /
139

(1897) [MARC] Author: Vetle Vislie With: August Berg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

HAMSTOLI 139

Det var halvmyrkt i stova, dagen var varm, og dei
visste seg aaleine.

Han tok handi hennar, og ho vart eldande raud.
Han kjende kor ho skalv. Helder ikkje han var
heilt seg sjølv; han kunde snautt faa eit ord fram.
Ei ung fager gjenta so nære seg og ikkje slaa til,
naar ho attaat hadde pengar, — eit naut maatte det
vera. Og Nils Storevik torde gjera eiden paa, at
han ikkje var noko naut . . Han tok henne inn til
seg og kysste henne.

Ho gret, men reiv seg ikkje laus. Det var plent
som ho hadde mist magti yver seg sjølv ... og no
var det for seint.

— Du vil vera gjenta mi, Sigri?

Ho svara ikkje.

— Og du vil flytte med me ned paa flatlanne?

— Lyt vel det, svara ho stilt.

Han tok henne atter inn til seg og kysste henne
villt og lenge, so ho heiltupp vart skræmd .. i det
same høyrde dei Asbjørn ute paa særtervollen og för
fraa kvarandre.

Storevik gjekk ut og gav seg til aa røa med
honom; dei hadde fyrr tala um, at dei skulde av og
fiska same kvelden, og gjekk no inn for aa spyrja
Sigri, um ho vilde vera med.

Nei, ho hadde ikkje hug.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 14:13:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/vvfotelj/0153.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free