- Project Runeberg -  Forteljingar /
143

(1897) [MARC] Author: Vetle Vislie With: August Berg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

HAMSTOLI 143

dei hadde noko imot det. Dei hadde gjeve sit ja
med det same, daa han var ein rik kar og av god
ætt, son til ein storbonde, og det ein av dei rette,
nede paa flatbygdi. Samstundes fortalde han, at
Asbjørn Nyset nyss hadde drukke seg full og vore
galen ... det saag ut til at han slog seg reint i
uvyrda no, liksom den eldre broren sin ...

Ho tok no til aa tenkja paa Asbjørn . . . ho kom
i hug, korleis han paa skulen hadde bore seg aat,
naar han vart aabruig . . . ein gong hadde han slegest
med ein av dei som hekk etter henne, og ein annan
gong hadde han gjenge stad og drukke seg full,
endaa han ikkje var sloppen fram for presten ..
Naar sovore hadde hendt, tala han ikkje til henne
paa lange tider, men derimillom kunde han sjaa so
varmt og kjærlegt paa henne, og daa vilde han so
gjerne vera der ho var. Ein kveld fyrre sumaren
var han komen plettende aaleine; han vilde ikkje
syna seg, og heldt seg difor burti skogkanten; men
kreturi vart honom var, og so gjekk ho burtyver og
fann honom.

Daa dei andre var komne vel til ro, løynde han
seg stilt inn i sele. So gjorde dei paa varme, ho
sette paa kaffikjelen, og dei hadde det so inderleg
koseleg der um natti. Men han tok henne ikkje i
fang elder kysste henne, — det var plent som han

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 14:13:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/vvfotelj/0157.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free