- Project Runeberg -  Forteljingar /
152

(1897) [MARC] Author: Vetle Vislie With: August Berg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

152 VETLE VISLIE

Ho banka paa. Daa ho kom inn, laag den gamle
tausi i sengi millom nokre fillor.

— Aa, er det du som er ute og gjeng?

— Ja, det er a det, sa Sigri.

— He he, ja du lyt sjaa du fær sitja paa sof-
faen, — ja, du ser honom ... he he?

Sigri sette seg paa eit sagbord som var lagt
yver tvo vedkubbar.

— Ja, du ser korleis dei fer aat med meg. Er
det ikkje spott og skam? So lenge ein er ung og
sterk . . . ja, daa gjøler dei for ein; men ein gamal
skrott tok dei gjerne og brende upp.

Ho tok til aa graata, og Sigri visste ikkje kva
ho skulde segja.

Gamla reis upp og kasta eit filleskjørt yver seg,
fann so fram kaffikjelen og sette honom paa, og gav
seg so til aa røa. Men ho var i ulag den dagen, og
gav seg til aa avheira alle menneskje.

— Du maa kje røa so stygt, sa Sigri. Det er
ikkje sant.

— Aa nei, du veit a det, folk er so fæle til aa
ljuga og sladra no... rett er dei so ja ... reint
spelege er dei. No segjer dei jamvel, at mannen
dt. >

Ho stansa og tok seg ei klypa snus og saag
innfult paa Sigri.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 14:13:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/vvfotelj/0166.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free