- Project Runeberg -  Forteljingar /
154

(1897) [MARC] Author: Vetle Vislie With: August Berg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

154 VETLE VISLIE

laag, med fjos og løa og nokre andre smaahus
framanfyre.

Daa ho kom fram, var det sløkkt og myrkt i
alle vindaugo, ikkje ein ljod var aa høyra. Ho giekk
inn i vedskjole, og inne der stod ein slede.

Ho sette seg ned der, men kom so i hug, at der
kunde koma folk . .. gjekk so aat løa og sette seg
i høystaden. Ho var trøytt og syvjug; men den fæle
hugverken heldt henne vaki.

Ho lydde . . der høyrde ho mans maal inne i
stova; døri gjekk upp, og ein kar og eit kvende kom
røande saman. Ho kunde snart høyra det var Nils;
han høyrdest full ut og var ikkje vidare blid ...
ho høyrde korleis han tok ut hesten, sprette honom
for og køyrde av garde; men ho lea ikkje ein finger
for aa koma ut. Det kvitta henne eitt alt saman ..
no var ho daa vel fri?

Men so skamlaust, so skamlaust! Ikkje vyrda
seg sjølv so mykje, at dei freista halda det dult ein
gong! All bygdi visste det, all bygdi flirte aat
henne .

Medan ho gjekk heimyver um natti gjenom den
svarte uhuglege skogen, vart tankarne hennar so utøy-
mande ville. Ho høyrde bjøllor ringja, ho totte ho
saag stjernor dansa fram fyre seg; det kom svarte menn
or skogen med lange armar og skreik forskræmeleg

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 14:13:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/vvfotelj/0168.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free