Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Martin Luther
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
— 23 -
fata det i Luther: han skyv alt og alle til sides, so
Gud sjølv kann faa sleppa til og møta menneskja —
utan millom-menner.
Avlaats-læra var fraa fyrst av ikkje so meiningslaus
som me er vane aa tenkja. Ho gjeng ut fraa den
aandelege kapital som gode menneskje let etter seg,
og som kjem manna-ætti til godes: ein straum av
velsigning, av godt fyredøme, av kjærlegt hjartelag,
av lysande mod og offerhug, av tru og von og
gleda — alt i hop tek me i arv etter dei gjævingane
som hev levt og stridt og lide og vunne fyre vaar
tid. Det er ei motvegt mot den fæle synde-arven
som elles tyngjer paa ætti vaar; utan den gode arven
vilde folki ha gjenge til grunns. „For ti rettferdige
skuld vert byen ikke øydelagd."
Me finn her sonings-lovi, som fører i brotne linor
upp til Golgata, til Jesu blod som reinsar fraa all
synd. Ogso martyr-blodet er eit „sæde for kyrkja",
endaa det vert smaatt stell etter maaten det
menneskja kann sona: me vinn ikkje gjera godt att det
me sjølve syndar.
Men so tok „kyrkja" seg fyre aa skifta ut denne
gode aandelege arven, og daa kann me vita det
vart misbruk.
Visst skiide skolastiken millom sjølve
syndstilgje-vingi, som berre Gud kann gjeva, og so
etter-gjevingi av dei laake fylgjor („kyrkje-straffene") som
syndi fører med seg. Sjølve syndeskuldi gjev Gud
til, men dei moralske fylgjone lyt ein bera like
fullt og bøta her i livet — og i skirs-elden. Det
var raad aa minka paa desse fylgjone ved gode verk,
og soleis stytta av paa boti i skirs-elden. Og her
kunde ein hausta gagn av det andre hadde sona.
Vilkaaret var anger og tru og umvending til Gud.
Men so kom denne ynkelege germaniske
rettstanken med sine peage-bøter: ein kunde løysa seg
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>