- Project Runeberg -  Martin Luther /
28

(1917) [MARC] [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Martin Luther

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— 28 -

vaiet skuld. Og kurfyrsten ferdar ut eit fyrstebrev
der han lovar aa ikkje svika Luther eller gjeva han
yver, til dess saki hans er prøvd ved ein
skils-domstol av u-vilda tyske menn.

Den verste faaren for reformasjonen var den
lirke-politiken som paven no vilde freista: han baud
Fredrik keisarkruna og Luther kardinal-hatten; han
sende ein kammerherre Miltitz til Wittenberg,
mog-legt med fullmagt aa gjera forlik med Luther.
Miltitz var ein sleip kar. Han gjølte for bror Martin,
gav Johan Tetzel’ei skrapa, so han døydde av harm,
og fekk Luther til aa skriva eit audmjukt brev til
paven. I brevet segjer Luther: »Eg vitnar, heilage
far, for Gud og alle hans skapningar at eg aldri
hev meint aa gjera og aldri vil gjera aatak paa
romarkyrkja og Dykkar heilagdom. Eg sannar at
denne kyrkja hev magt yver alt, og at ingi magt i
himmel eller paa jord kann staa yver henne, utan
einast Jesus Krist som er herre yver alle." Det var
ikkje maate paa kor Miltitz snudde godsida til.
Luther lova tegja seg so lenge motmennene hans
tagde. Og so skildest dei med ein freds-kyss, —
ein judas-kyss kallar Luther det seinare.

Jau det skulde set ut! Det var ikkje heilt ærlegt
ein gong det Luther hadde fenge seg til aa skriva
aat paven. Han som i Augsburg hadde ført baade
bibelen og dei aalmenne kyrkjemøti i marki mot
paven, — han som alt var innpaa tanken at Rom
var Babel og paven var antikrist. Som vel var, tagde
ikkje motmennene. Og soleis vart Luther nøydd
til aa taka demma utor.

Professor Johan Eek fraa Ingolstadt baud ut
Wittenberg-professorane til ope ordskifte i Leipzig.
Det var her at Luther slepte dammen og sette
evangeliet til domar yver baade pave og
kyrkje-møte. Med andre ord: Luther braut med heile

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:03:33 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abmluther/0030.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free