Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Martin Luther
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
- 29 —
pavekyrkja. Han studde seg til kyrkjesoga, med di
han peika paa: at pavedømet ikkje skreiv seg fraa
gamalt, at den græske kyrkja ikkje godkjende paven
i Rom, og at pavemagti vanta guddomleg grunn.
Det var 4. juli 1519 at Luther kom upp paa
talarstolen i Leipzig, i straalande strids-lag, med ein
blomster-dusk i handi. Mager og turr, so knokane
tedde fram, — men lentug og livleg, og alltid glad,
kor mykje dei hine truga han, — med djupe myrke
augo som motmennene totte var trollslege
(„dæmoniske"), — kvass i ordskiftet, kvassare enn som høvde
med kristeleg sømd, men kunnskapsrik og svar-hitten,
og bibelsterk som ingen annan. Soleis skildrar dei
han dei som saag han.
Eek tok til med pavedømet, men snudde snart
ordskiftet inn paa kjættarskapen hjaa Johan Huss,
som var dømd av det aalmenne kyrkjemøtet i
Konstans. Det lukkast Eck aa visa kor lite det rima
seg for Luther aa kjæra saki si inn for eit
kyrkje-møte: Luther vilde vorte dømd i Konstans likso visst
som Huss vart det; dei var tvo krullar av same ulli.
I knipa laut daa Luther taka stiget heilt ut og negta
at kyrkjemøte hadde rett yver samvitet utan stød i
bibelen. So uvyrde hadde Luther aldri vaaga lyfta
bibelen upp — yver all autoritet og tradisjon. So
langt hadde heller ingen annan gjenge. Her var
kjættarskapen: Luther var einig i mangt av det Huss
hadde sagt. Hertug Qeorg banna paa det var det
verste han hadde høyrt. Bømisk kjættarskap hadde
tyskarane ingen samhug med. Luther var sjølv
forstøkt yver det han hadde slept or seg; men han
hadde no ein gong sagt det. Eck slutta ordskiftet
med aa kalla Luther ein heidning og ein kjættar.
Luther ropa i munnen paa han: „Den ærverdige
dokter er so rædd for bibelen som djevelen for
krossen."
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>