Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Frå kristenliv i Risør i 70- og 80-åri. Mest etter personlege minne frå barndom og ungdom
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
7
sons-kyrkja. Heile hovudstaden var grepen av
ålvo-ret. Biskop Heuch sa til meg: det var likesom i
Jerusalem palme-sundagen; det såg ut som alle vilde
fylgja Herren.*)
Johnson såg i grundtvigianismen ei falsk og
fårleg læra. Han fekk professor Caspari til å granska
soga åt den apostoliske Trui. Meiningi var å prova
at Grundsvigs påstand um Trui var gale, med andre
ord at den apostoliske Trui ikkje var fra apostlane.
Men endelykti på Casparis granskingar vart tvert um:
i sine grunndrag peikar Trui heilt upp i aposteltidi.
Sjølv hev Caspari på sine gamle dagar sagt med
Theodor son sin : ak ja, Theodor, det var irxtet gavn at
stride mot grundtvigianerne ! Personleg var Caspari
*) Heuch fortalde meg: «Det er noe av det
underligste jeg har oplevet : da jeg som ung kandidat forlot
Norge og reiste utenlands, stod professor Johnson på sin
høide, med makt i sine ord ! og da jeg noen år efterpå kom
hjem, og gik op på universitetet for å høre på Johnson, var
han en tørr foreleser uten makt til å gripe sinnene ! og s
file d e s vedblev han å stå på sin talerstol resten av sit liv !
hadde han forlatt sin Gud. og hadde Guds ånd forlatt ham,
kunde mai forstå det ! men det var jo ingenlunde tilfelde.»
— Christopher Bruun hev sagt eit råkande ord um
Johnson : strenge herrer regjerer kort. Løysingi ligg truleg i
Johnsons ærlege kvasse s j ø 1 v-k r i t i k k : hadde han rett
til å halda slike strenge talor? han kjende eit atterslag etter
den veldige framstøyten, atterslag som alltid plar fylgja
framstøytar ! og so drog han ?eg attende til sin teologi, og
slutta å preika. — Ein gong seinare gjorde han still og
smålåten eit liknande attersteg : då R. T. Nissen i 1875 vart
kyrkjeministar, tok Johnson kyrkjesoga, og gav sin kjære
dogmatikk yver til Frederik Petersen. Johnson hev kjent
seg ufør til å møta dei nye spursmål som tidi kravde svar
på; so steig han viljug til sides for nye krefter. Me tek
hatten av for den mannen, som soleis utan ståk ofra si
makt-stoda.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>