- Project Runeberg -  Frå kristenliv i Risør i 70- og 80-åri. Mest etter personlege minne frå barndom og ungdom /
8

(1938) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Frå kristenliv i Risør i 70- og 80-åri. Mest etter personlege minne frå barndom og ungdom

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

8

åndeleg nær-skyld Grundtvig. Men Johnson fekk han
med på si sida.

For folket vårt i det store og heile vart Wexels’
katekisme-uttyding den store støyte-steinen. Wexels
hadde i 1843, saman med Keyser og Kaurin, gjeve ut
ei um-arbeidd utgåva av «Pontoppidans forklaring».
Millom anna sette han fram ein k.jærleg tanke: for
heidningar som ikkje her i livet hadde høve til å høyra
evangeliet, måtte Gud kunna finna ei råd på hi sida
gravi. Dette vart kalla «umvending etter dauden».
For Per og Pål vart denne «læra» den springande
punkten i grundtvigianismen. Det var då ei lett sak
for professor -Johnson å stempla Wexels og
grundt-vigianane som k.jettarar, ranglærarar, falske kristne.

Det er fortalt frå Setesdal at biskop von der Lippe
på ein visitas sist i 60 åri kom i ordskifte med ein
sæbygg um «Wexel-boki». Då dei ikkje vart samde,
sa bispen : ett er visst, at Wexels nu lyser som en
klar stjerne i Guds himmel. «Og eg meiner, svara
sæbyggen. at ingen er svortare i helvete enn han !»
Det vilde sjølvsagt aldri Gisle Johnson ha sagt; han
visste at Wexels var personleg ein varm truandc
kristen. Like vel hev Johnson ansvaret: han var det
som sette Wexels og grundtvigianane i svart-skuggen
millom norske kristne.

Det var i 1870 at professor Johnsons elev P a u 1
W ettergreen kom heim til Risør frå Sululand
med sine 4 morlause gutar; den yngste heitte Gisle,
det viser Wettergreens kjærleik til Johnson. Eg hev

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:03:54 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abrisorliv/0010.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free