- Project Runeberg -  Frå kristenliv i Risør i 70- og 80-åri. Mest etter personlege minne frå barndom og ungdom /
9

(1938) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Frå kristenliv i Risør i 70- og 80-åri. Mest etter personlege minne frå barndom og ungdom

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

q

aldri set nokon av Johnsons elevar so lik m e i s t
e-ren som Paul Wettergreen. Liten av vokster,
still-f’arande, smålåten, med same glo i augo, med same
makt i ordi, som Johnson då han stod på si høgd.
Wettergreen hadde same måten som Johnson både i
kropp og sjel, både i gonga og i tala.

Men so var Wettergreen meir evangelisk, ein
evangelist av Guds nåde. Eg hev aldri høyrt eit meir
full-tonande evangelium enn når Wettergreen opna
nådedøri på vid vegg. Av andre som våga det same
vil eg nemna Herman Lunde, Thv. Klaveness, og biskop
Heueb.*) A fog leg fekk Wettergreen evangelisk kveik
av herrnhut-presten Möhne i Oslo, og seinare ved å
lesa Rosenius. Men trulegt er det i Sululand
Wettergreen lærde å forkynna den opne vegen til Gud: sjølv
nemnde han sulu-misjonær Larsen ein åndfull
evange-Jieforkynnar. Frå Johnson hadde han like vel den
veldige agen for den heilage GucL

Eit sermerkt døme lyt eg forteLja: min eigen far
fekk älvoret i sin ungdom ved å hoyra Johnsons
bibel-lesingar, men fast grunn å byggja på fann han hjå
Wexels; der fekk han hjartefred i trui på Guds
kjærleik: difor hadde far aldri mothug mot
grundtvigiana-ne. endå han elles var Johnson-mann.

Alt i 1861 fyrr Wettergreen reiste ut til Sulu,
had-de han kveikt ein liten brand hja folket i Risør. Dei

*) Dei fleste forkynnarar gjerde evangeliet inne med
niange «dersom» : dersom du hev det slik og slik, kan du
ta det til deg. Pontoppidan hadde pålagt prestane å
forkynne evangeliet slik at dei ubotferdige fekk ein smikk
yver fingrane um dei vilde gripa det ! ! Dessverre kom
nettupp dei botferdige til å kjenna den smikken.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:03:54 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abrisorliv/0011.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free