Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Frå kristenliv i Risør i 70- og 80-åri. Mest etter personlege minne frå barndom og ungdom
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
24
etter trieining han heldt fyrste preiki i Risør-kyrkja.
Tekst i var: den burtkomne sauen. Hjartevarmt
forkynte han Guds endelause kjærleik til syndarar.
Samstundes sette han dei knurrande farisearar i
gapestokken, og gav den sjølvgode halvkristendom eit
du-gelegt svepeslag. «Her skal de få se mine toldere,
sier Jesus»: Levi som heldt gjestebod for
kammera-tane sine og vilde ha dei m e d til Meisteren! han som
stod audmjuk i templet og slo seg for bringa, han
kjende det so v ondt der inne ! Sakkæus som vilde
gjera godt att det han hadde synda !
Etter preiki gjekk medhjelpar Joh. Fr. Juel! inn
i sakristiet og takka Lunde, helsa han hjarteleg
vel-komen : «Jeg har bedt Gud sende en mann etter sitt
hjerte, og jeg tror nu han har hørt min bøn».*)
Sundagen etter preika Lunde um sladd ere n.
Han tok alt levande ut or kvardagslivet: millom anna
nemnde han eit døme um eit ektepar der mannen
drakk og kona var ein sinna tagg! då skvatt sume
upp og lo: dei var ikkje vane med at ein prest tala
so beint fram og nytta so kvardagslege ord i kyrkja.
Og det var ingen som mislika det.
Lunde vilde skipa eit soknelag
(menighets-fore-ning) som skulde samla alt religiøst og kyrkjelegt ar-
*) Far hadde med samhug fylgt Lundes arbeid på
sjömanns-stasjonane i Cardiff og Havre. Frå Paris hadde
han høyrt han var «altfor fri». Men etter fyrste preiki
gjekk han heim til Lunde og helsa han velkomen : jeg vil
ærlig si jeg har vært redd for å få Dem til prest her; men
etter den prækenen De holdt i dag, tror jeg det skal gå
godt. Lunde kom heim til oss både i soknebod, i barnedåp,
og i selskaplege samkomor.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>