Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Frå kristenliv i Risør i 70- og 80-åri. Mest etter personlege minne frå barndom og ungdom
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
25
beid, og dermed styrk.ja kyrkje-kjensla. Han meinte
at alle dei mange misjonslagi skulde gå upp i
sokne-laget, og det var ein praktisk tanke. På vegne av det
norske misjonsselskap hadde far tvil um det let seg
g.jera at soknelaget slukte misjonslaget. Det var eit
problem som vart aktuelt ved sokneråd-lovi i 1921:
dei friviljuge organisasjonane var redde
sokneråd-institusjonen. Men då far på eit møte kom fram med
den tvilen, fauk Lunde upp : vil De legge kroker i
veien, er det best De går! «Som De vil», sa far, og
gjekk heim. Frå den stundi var det grått millom
Lunde og far i fleire år.
Johan Juell og indremisjonsfolket heldt derimot
fram. Eg minnest kor strålande Juell fortalde far
frå eit rådsmøte: nå vil Lunde tale på bedehuset og
hnlde kirkehistoriske foredrag!
Det vart no fyrst bibellesingar yver Daniels-boki.
Han tala varme ord serleg til ungdomen og heldt
Da-niel-gutane fram til mynster. Friskt og naturleg kom
ordi. Det var fyrste gong eg Iiøyrde ei
ungdoms-p r e i k.
Utpå vetteren tok han til med «avholdsforedrag»
på bedehuset; eg minnest han g.jekk ig.jenom dei
syr-g.jelege minne um Noa som drakk seg full og andre
sovorne tilfelle i Bibelen som drog forbanning etter
seg. Saman med dr. Abr. B. Scheen fekk han fart i
Risør avholdsforening. Bedehuset var samlingsstaden,
og der var alltid fullt hus.
Då Paul Wettergreen ein kveld tala på bedehuset,
gjekk Lunde upp til talarstolen og rette Wettergreen
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>