- Project Runeberg -  Frå kristenliv i Risør i 70- og 80-åri. Mest etter personlege minne frå barndom og ungdom /
53

(1938) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Frå kristenliv i Risør i 70- og 80-åri. Mest etter personlege minne frå barndom og ungdom

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

53

dei det. Lunde tala saman med dei. På eit
preste-møte i Arendal vart han påteken av dei andre
presta-ne for han godkjende k v i n n e-p r e i k a r a r: men
lian forsvara seg varmt.*) Elles sa han til meg: jeg
har talt på gaten i utlandet; men i Risør var det verre:
der sat dei i husi kring torget med vindaugo på glytt
og løynde seg bak gardinene! det var pinlegt!

Ja mange tok til å tykk.ja synd i Lunde. Og då
han i 1891 var med i den politiske val-striden, fekk
han mange av sine gamle vener imot seg.

I si avskils-preik sa han : jeg vil ikke høre dette
«stakkars presten!» som mange sier; jeg vil ikke ha
den slags barmhjertighet; det er på bunden den
største ubarmhjertighet de kan vise mig.

*) Lunde var i det heile i beste meining fri-lynd. Han
skyna kva Gud vilde ha fram av nye impulsar. Medan
sok-’ eprest Håkonsen lasta professor Petersen for hans kritikk
riv den gamle inspirasjons-læra, og skulda han for å vera
uklar, sa Lunde : Petersens standpunkt er Jesus! det
er klår nok sto.ia det ! Lunde femnde vidt. De kan tru det
var festlegt å høvra han forsvara seg på prestemøtet i
Arendal, endå dei andre prestane var morske nok. Frå
prestemøtet gjekk han til Gottfred Høyer og frua, dotter av
lods-nldermann Salvesen i Risør. Dei var frikyrkjefolk, men
vener av Motland og frua. Og Lunde gledde seg ved å pusta
ut i heimen deira. — Frelses-armeen tala Lunde jamt vel
um : dei vilde berre samla til Gud, ikkje til seg sjølv, sa
han. — Då tvo av Paul Wettergreens søner, Jakob og Olav,
hadde brudlaup i Risør fyrr dei skulde fara ut til, Sululand,
var Lunde ordførar for ein flokk av Wettergreens vener
-om kom med ei gåva til dei tvo brudpari. I si tala gav
lian Paul Wettergreen eit hjartelegt ettermæle, tråss i at
både han og dei tvo sønene hans hadde «døypt seg um att».
Frikyrkje-forstandaren som brudvigde dei tvo pari, visste
ikkje um den dåpen, og trega på at han ikkje hadde visst det.
Paul Wettergreen vart like vel fylgd på gravferdi si av
heile frikyrkja (gravlagd i Arendal).

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:03:54 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abrisorliv/0055.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free