- Project Runeberg -  Nokre ungdoms-minne frå 80- og 90-åri /
8

(1939) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Nokre ungdoms-minne frå 80- og 90-åri

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

8

straks han kom i strid med eit bibel-ord. Sjølvsagt
tok då naturvitskapen striden upp mot bibelen, og
dermed mot kristendomen. Professor Petersen synte
at vel kan eit bibel-ord koma i strid med naturlovenej

men naturlovene kan aldri koma i strid med Gud.

#

Det gjekk underlegt til at Petersen vart professor.
Professoren i kyrkjesoga R. T. Nissen vart
kyrkje-minister i 1875. Gamle Caspari sa då: «Hvem skal
vi nu få til professor i kirkehistorie ? Vi har jo ingen!
Og det verste er at vi har en; men Gud bevare oss for
at få ham; det er en Sverdrup.» (Det var Jakob
Sverdrup han sikta til som visst kunde vorte ein dugande
åndfull kyrkje-historikar). So tok Gisle Johnson
kyrkjesoga, og gav frå seg sin kjære dogmatikk til
Petersen.

Fleire ting tyder på at Johnson skyna det trongst
ein ny mann til å møta dei nye krav i det moderne
åndsliv.

I alle tilfelle var det ei stor lukka for den norske
kyrkja at Petersen kom og førde fri tenkjing og ærleg
kritikk inn i teologien.

Han gav ut fyrstundes i 80-åri boki «Om skabelsen,
opholdeisen og styrelsen». Der gav han naturvitskapen
heil rett til å tyda livet etter natur-lovene. Det var
so nytt, og ukjent frå ein teolog, at fritenkjaren
forst-meister Barth skreiv eit «ope brev» til Petersen: ta
skrittet ut, og slutt Dem til oss! Petersen var nett
sjuk, og svara berre: De skal få svar i min næste bok.
(I millomtidi kom Over evne I, der prestane debatterar
«underet», og ein av dei segjer: «jeg me-iner hva pro-

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:04:18 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abungminne/0010.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free