Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Nokre ungdoms-minne frå 80- og 90-åri
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
9
fessor Petersen me-iner», og ein annan svarar: «i den
bok han ennu ikke har utgitt?») Boki kom i 1884:
hvorfor jeg tror på Jesus Kristus.
Petersen sette upp slag-ordet «fast tru og fri
vitskap». J.J.Jansen forma det seinare slik: du kan
godt tenke så fritt som Voltaire, bare du er grepen i
hjertet som H. N. Hauge.
Uppgåvene eg fekk til preste-eksamen av Petersen
viser system-skiftet i teologien.
I munnleg eksaminasjon kom han inn på
«uskyld-standet», som ikkje var so uskyldigt som vi hadde lært:
lenge fyrr det fanst menneske på jord, var dauden
komen; rovdyr drap andre dyr; ein hev funne
leiv-ningar av andre dyr i rovdyr-mage mange mange
tusen år att-ende.
I skriftleg uppgåva til preste-eksamen fekk vi:
«Fremstilling og kritik af de nyere angreb paa den
kristne tro paa en skabende Gud.»
Der hadde vi god hjelp av å referera Ossian Sars.
I zoologi til andre-eksamen gav han oss heile
evolusjons-læra. Han tok til noko varsamt um hausten: «Vi kan
ikke hefte os ved de mosaiske traditioner.» Men utpå
våren nådde han so langt, at han tenkte seg Gud heilt
burte. Den snilde hjartegode Ossian! Han hosta og
harka og sa «mine herrer» jamt og samt: «Det er nu
kun to punkter, mine herrer, hvor videnskaben maa ty
til en skabende gud. Det er, mine herrer, ved skabelsen
av ur-taagen, og ved skabelsen av den første celle.
Men, mine herrer, det er at forudse at videnskaben,
mine herrer, vil komme til at klare ogsaa disse to
punkter. Og da, mine herrer, har vi ikke lenger brug
for nogen gud.»
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>