- Project Runeberg -  Nokre ungdoms-minne frå 80- og 90-åri /
10

(1939) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Nokre ungdoms-minne frå 80- og 90-åri

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

10

Endå vi var berre nybakte studentar, smilte vi til
det naive resonnement: kritikken vakna med same.
Vi høyrde gjete at Ossian Sars streva med å skapa liv
i sterilisera heste-møk!

Eg trur ikkje mange studentar vart dregne burt frå
Gud av Ossian Sars. Dei fleste studentar var visst
ferdige med religionen alt fyrr dei kom til universitetet.
Det låg i lufti. Det var dei eksakte vitskapar som
rådde grunnen. Når einkvan frette at eg studera
teologi, minnest eg tidt han banna: det var berre
hyklarar og idiotar som fann seg til rettes med
«prestelæra»!

#

Umskiftet i moralen fekk endå meir å segja for
mange studentar. Det var «bohem-tidi». Ho kravde
«fridom for driftene».

Professor Petersen tok spursmålet upp i eit foredrag
i studentsamfundet. Salen var stuvande full. Og det
var so stilt at ein «kunde høyrt ei nål detta på golvet».
Petersen gav diktarane våre vyrdeleg æra for di dei
hadde sett upp kjærleiken til grunnlag for ekteskaplegt
samliv. Men han trega på at dei ikkje hadde havt syn
for kjærleikens bindande makt heile Hvst igjenom.
«Fridom for driftene» gav han rette namnet: «trældom
under driftene». Bohem-karane fekk eit sarkastisk ord:
dei var likesæle um alt som heiter religion; når dei
stridde mot kristendomen, var det fordi den kristne
moral enno hadde noko tak på dei unge gjentene!

Petersens foredrag verka som ei utløysing og som ei
styrkjing ved sitt etiske ålvor. Her fanst trass alt
mange studentar som levde eit reint ungdomsliv,

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:04:18 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abungminne/0012.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free