Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Nokre ungdoms-minne frå 80- og 90-åri
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
14
og andre veiler i bibelen. Samstundes stod Petersen på
heilt positiv grunn i tillit til Jesu openberring. Men dei
gamle meinte: utan det ortodokse inspirasjonsdogmet
ramlar grunnlaget for den lutherske kyrkja! Professor
Petersen sagar av den greini som ber heile lutherdomen.
Det vart både snakk og skriving; eit døme vil eg
nemna på kor alle menneske var med i striden, sjølvsagt
helst utan kjennskap til saki: Ein handverkar spurde ein
teolog: Er det sant at professor Petersen nekter at den
hellige skrift er inspisert?!
Eit møte i «Kristiania presteforening» 7. februar
1888 gjev eit bilete av stoda. Eg hev det frå P. O.
Bodding som var til stades. Presten Storjohan,
sjømannsmisjonens varmhjarta far, kom der med eit
utfall mot professor Petersen, som han nemnde ei
ulukka for den norske kyrkja. C. J. Ecktell, som i dei
dagane venta utnemning til pers. kap. hjå res. kap.
G. Hansen i Vår Frelsars kyrkja, tok då ordet: «Det
har forarget mig i høieste grad å høre en mann slik
omtalt, som faktisk beklæder et professorat ved vårt
teologiske fakultet; de menn vi har å takke at vi ikke
står hjelpeløse overfor den moderne vantro, er professor
Petersen og professor Munch.» Fleire av prestane
gjekk dagen etter laus på G. Hansen, at han for Guds
skuld ikkje måtte ta ein slik mann som Ecktell til
kapellan! Oslo presteskap var van med å «supplera
seg sjølv», og aldri sleppa inn nokon radikalar. Gamle
Hansen let seg ikkje skræma. Ecktell vart utnemnd.
#
Ei soga som er fortald av truverdige folk og i seg
sjølv lydest heilt truverdig, må eg taka med: professor
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>