- Project Runeberg -  Nokre ungdoms-minne frå 80- og 90-åri /
15

(1939) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Nokre ungdoms-minne frå 80- og 90-åri

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

15

F. W. Bugge gjekk den vetteren upp til professor
Caspari og heldt fram fåren ved prof. Petersens stoda:
han undergrov sjølve grunnen i den lutherske kyrkja
ved å riva burt tilliti til bibelens inspirasjon. Burde
ikkje fakultetet gripa inn? Caspari svara: «Jeg er glad
i Petersen; men for kirkens skyld må noget gjøres!
men — jeg vil intet foretage før jeg har talt derom med
professor Johnson.» Dermed gjekk dei båe upp til
Johnson. Caspari la ut, Bugge ogso, Johnson sat med
hand under kinn og sa ingen ting. Til sist ropa Caspari:
«Nu! hvad siger du, Johnson?» «Ja hvad skal jeg si?»
svara Johnson, «jeg er jo nærmest enig med professor
Petersen.» «Du! du?» ropa Caspari forfærd. Dermed
gjekk heile aksjonen i vasken. Frå næraste hald veit
eg at Storjohan straks etter sa: «Hadde ikke Johnson
vært så undfallende, skulde vi nu ha blitt kvitt
prof. Petersen.»

At Johnson hadde skift syn på inspirasjons-dogmet,
vart klårt og greidt stadfest ved ein artikkel han skreiv
i «Morgenbladet» til forsvar for Petersen. Der hadde
nyleg dr. Krogh-Tonning og dr. George Kent skrive
mot Petersen og nemnt han ein livs-fåre for vår kyrkja.
Petersen svara. Og det var fyrste gong i mitt liv eg
fekk sjå kristen polemikk, fyrste gong eg skyna: det
let seg gjera for ein kristen i ein bladstrid å ikkje synda
mot kjærleikens lov. Petersen forsvara seg roleg og
sakleg, utan å setja motmennene i nokon gapestokk.
Dei som las polemikken, laut kjenna Jesu Kristi ånd
i Petersens skrivemåte. Han sanna si tru på
bibelordet. Men han kunde ikkje ta på seg dei konsekvensar
andre drog av hans teologi, likso lite som Luther
kunde ha ansvar for Karlstadt og svermar-åndene.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:04:18 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abungminne/0017.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free