- Project Runeberg -  Nokre ungdoms-minne frå 80- og 90-åri /
16

(1939) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Nokre ungdoms-minne frå 80- og 90-åri

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

i6

Då kom Johnson. Han peika på at dei lutherske
vedkjennings-skrifter ikkje hev forma nokon
inspira-sjons-teori: korleis bibelen er Guds ord, stend for so
vidt som eit ope spursmål. So stor var Johnsons
autoritet, at Krogh-Tonning og Kent tagde seg. (Det
var i mine studentdagar Kent tok den filosofiske
dokter-grad. Ved disputasen var professor Lochman til stades.
Han råka vår prof. Munch: «Vet De hvad urstoffet er?»
«Nei.» «Ikke jeg heller før jeg fikk vite det av Monrad
og Kent: de to var enige om at urstoffet er «den
absolutte indifferens»; jeg kan ikke si hvor lykkelig jeg
er at jeg fikk vite det!»)

#

Det gjekk ei varme-bylgja yver oss studentar i dei
åri. Petersen sa til meg då eg siste gong var uppe
hjå han: «De har hatt den lykke å studere i en tid da
der har vært åndelig liv blandt studentene.»

Varmen hekk i hop med Skrefsruds appell, som
straks bar frukt i «Studentenes misjonsforening». Og
hertil kom ein engelsk misjonærs varme vitnemål i
denne misjonsforening nokre år seinare. Vi kom saman
på hyblane til bibeltime og bøn. Og vi heldt møte i
studentsamfundet med personlege vitnemål um livet i

Gud. Professor Petersen var sjeli i heile rørsla.

#

I juni 1889 hadde professor Petersen sylvbrudlaup.
Ein deputasjon av hans elevar møtte upp. Stovene var
fulle av festklædde folk: heile det teologiske fakultet
og mange prestar. Det lavde av blomar. Og det var
duka eit stort dessertbord.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:04:18 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abungminne/0018.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free