Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Telebonde-prest
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
15
ikkje dagen, han arbeidde frå morgon til kveld. Men
då han um kvelden fekk veta det var sundag! ja so sette
han seg til med Bibelen heile måndagen, han vilde ha
sin helgedag den veka ög. «Her skå presten sjå den gamle
bibelen min! eg hadde ein nyare, men den selde eg og
kaupte att denne gamle! her hev Luther skrive fyretaler
både til Davids-pesalmene og til pistlane og til alle
skriftene. Eg hev kje godt i meg utan eg fær lesa eit kapitel
horr einaste dag». Me kom i ordskifte um tolkingi av eit
bibel-ord. Han var ikkje einig med meg: nei de fær du
meg ikkje til å tru hoss mykje prest du e! Han var ein
lenksam bibel-lesar.
Ein gamal tre-skjerar minnest eg, ven av målaren
Adolf Tidemand, ein adels-mann i sinn og skinn. «Han
hev fenge det med det no,» sa kona hans, «at me lyt til å tru
på ein annan måte.» Det var personleg til-eigning av
kristen-trui han hadde fenge syn for, sjølvstendig, avsides
som han budde.
Eg nemner desse døme til å syna kor tenksame telene
kunde vera.
•
Ei kona eg kom inn til, tala med meg um å vera Guds
barn. Det kan ingen veta visst, meinte ho. Jau, meinte eg.
Då spurde ho meg kvast: vågar du segje du e Guds barn?
Ja det vågar eg. «Der kan du sjå for ein farisear du er!»
sa kona. Ho var ikkje redd segja presten imot.
Ein laut få age for dei sjølvstendige tankane dei hadde
gjort seg upp, endå dei tankane kunde stengja for nytt ljos ?
•
«Vegardsheiingane» kom til Telemark fyrstundes i
90-åri, og vann inngang mange stader. Deira syn skiide
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>