Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Telebonde-prest
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
i6
seg i mangt ut frå vanleg prestelæra, og det var lokkande
for telene. Sjølvsagt tok mange ukritisk imot det som
talarane bar fram.
«Det stend det skal ikkje vera noko samfund, vårt
samfund er med Faderen og den han sende.») Dei vilde
ikkje organisera seg, dei vilde vera «frie kristne».
«Det er kje rett nattverd i kyrkja, me skå eta oss mette
på Herrens lekam, og drikka oss u-tyrste på Herrens blod.»
Sovore hev eg aldri høyrt maken til. At me brukar for
lite vatn i dåpen, er vel-kjend. Mange av dei frie kristne i
Telemark let seg døypa urnatt, dei vilde dukkast skikkeleg
under. Men at me brukar for lite brød og vin i nattverden,
er noko sermerkt som eg ikkje hev høyrt gjete anten fyrr
eller seinare.
«Kjenner du presten vår?» spurde ein lårdøl talaren
som kom og heldt møte. «Nei,» svara han, «men eg meiner
at var han ein kristen, so kunde han ikkje vera prest.»
Trass i sovore lyt me segja at dei frie kristne i
Telemark hev havt sin misjon. Dei hev lært folk å tenkja
friåre i mange måtar.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>