- Project Runeberg -  Ungdomsprest og ungdomslærar. Minne frå flytt og flakk i tjuge år /
17

(1942) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Telebonde-prest

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

17

fullt ålvor: du vil då ikkje segja at ein ikkje kan vera like
god kristen for det um ein tek seg eit rus ender og gong ?

Ein gamal mann, som henta meg i soknebod, snakka
ut um livs-rekneskapen sin, han hadde ingi større synder
på samvetet. «Hev du vore drukken?» spurde eg. «Ja,
det hev vel presten 6g?» «Nei,» sa eg, «det hev eg aldri
vore.» «Du vil då ikkje fortelje meg at du aldri hev vore
drukken ?» Det var u-tenkjande.

1 foredrag um Garborgs «Haugtussa» kom eg inn på
spursmålet natte-laup og den used som tidt fylgjer med.
På heimvegen snakka dei seg imillom: presten tala mot
natte-laup! men han hev vel vore natte-laupar sjav! han
er då gift! Dei kunde ikkje tenkja seg truloving og
giftar-mål onnorleis.

*



Diverre kom eg mang ein gong til å fara uvisleg fram.

Fadder-institusjonen vilde eg skulde vera ein bøne-ring
kring dåpsbarnet. Eg freista halda openberre drikkarar
burte. Men det var ikkje lett.

Med nattverdsgjestene vilde eg gjerne snakka på
tvo-manns-hand, og minna um ålvoret: dei som gjeng til
Guds bord, gjev dermed vitnemål um at dei vil umvenda
seg.

At eg vanta visdom, og gjorde mis-tak, det lyt eg
beda Gud og menneske tilgjeva.

Visdom hev eg aldri lært.

Då ein velviljug mann ein gong bad meg lempa på
noko eg hadde sagt, til å «berolige gemyttene», svara eg,

det er ikkje mitt embete å «berolige»! tvert um!

#

2 — Anker: Ungdomsprest.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:04:21 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abungprest/0019.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free