- Project Runeberg -  Ungdomsprest og ungdomslærar. Minne frå flytt og flakk i tjuge år /
46

(1942) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Eit år i Hardanger

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

46

«arbeidslaus» frå sumaren 1902. Men eg tregar ikkje på
det året eg var hjå Brandtzæg. Hadde eg ikkje korne dit,
hadde eg ikkje vorte harding. Og hadde eg ikkje i tillit
til den rike mannen teke avskil frå preste-embetet, vilde

eg aldri ha korne inn i folkehøgskulen.

*



Leid ut på våren 1902, fekk eg bod um å koma og
halda heilnorske messer mange stader.

I Kvinherad tok gamle prosten Unger hjarteleg imot
meg. Han var medlem av Prestemållaget, der Bernt
Støylen var formann, N. R. Heyerdahl nestformann, og
eg var skrivar. Unger var ein av veteranane i
målstrevar-flokken. I sin ungdom, då han var kapellan i Kvam,
hadde han arbeidt med å setja um bibelsoga til nynorsk.
Millom dei nynorske dikti hans er eitt vel-kjent: «Nei sjå
snøen.» Joletre-visa hans fekk eg høy ra då eg var der.
På Malmanger prestegard hadde Unger ein songkvartett,
som song nynorske songar: dei tvo systerne hans,
kapellanen Andersen, og han sjølv. Eg skal segja dei song
ungdomsfriskt! Då eg såg Unger for altaret, høg-reist,
raud-leitt, med den høge panna og det sparsame kvite
håret, kom eg i hug: slik må erkebiskop Øystein ha
set ut!

Eg vitja Ullensvang, og preika for fyrste gong i den
herlege Hardangerdomen. Då eg messa frå altaret, kom
kyrkjesvari 4-mælt frå heile kyrkjelyden. Johs. Helleland
hadde i 30 år drive med songkor i Ullensvang og øvt inn
kyrkjesvari gjenom fleire ætt-leder. Det var endå ikkje
kome orga i Ullensvangs-kyrkja. Men salmesongen var
sterk og fulltonande, betre enn noko orge-spel.

Eg budde på prestegarden hjå sokneprest Olafsen.
Han var nasjonal og folkeleg heilt igjenom. I ungdomen

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:04:21 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abungprest/0048.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free