- Project Runeberg -  Ungdomsprest og ungdomslærar. Minne frå flytt og flakk i tjuge år /
47

(1942) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Eit år i Hardanger

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

47

hadde han vore pietist. Men no var han på den andre
kanten. Kapellan Schultz fortalde um dette: Ein dag sa
fru Olafsen til mannen sin: «Jeg skjønner ikke hvordan
du er blitt, Olafsen! du var ikke slik før!» «Folk vil ikke
ha mig slik her! en prest må være som folket han! en kan
ikke strekke sig lenger enn skinnfelden rekker, ellers
fryser en på beina da!»

Impulsiv, elastisk, barnsleg og ungdomsfrisk som han
var, fann han seg heilt til rettes med folket i Sørfjorden.
Det gode hjarta hans og dei friske foredragi gjorde honom
til ein av dei populæraste prestane i Ullensvang.
Kapellanen fortalde eit døme kor hjategod han var: dei hadde
ordskiftest um kvelden, kapellanen hadde vore kvass og
uvyrden mot sin eigen sokneprest, so fru Olafsen vart
harm! men etter kapellanen hadde lagt seg, kom
soknepresten upp på romet hans med ei varm ulltrøya som
han pakka ned i kufferten hans! kapellanen skulde tidleg
næste morgon på anneksreis til Odda med soknebod i
Odda-dalen, det var surt og kaldt, og Olafsen vilde verna
kapellanen mot kulden! Det vermde heilt inn til hjarte-

røtene, sa kapellanen til meg.

*



I Kinsarvik vart eg kjend med Gunnar Midnes,
med-hjelpar, kommunemann, ein av dei fremste hardingar i
alt styr og stell. Det var han som sende bod etter meg.
Han totte mun i å få høyra fyrste heil-norske messa i den
gamle kyrkja sidan reformasjonen. Han hev seinare fortalt
at ei liti gjenta hadde sagt etter preiki: eg skyna so godt
den presten.

Gamle stortingsmann Torstein Hus helsa meg med
dei ordi: «Du talar aokan maol du.»

I Kinsarvik lærde eg å kjenna den vidgjetne tre-skje-

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:04:21 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abungprest/0049.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free