Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Bondeungdomslaget i Oslo
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
I4i
laut beda ein jurist hjelpa meg å tyda dei. Då eg fekk
tydingi, sa eg: ja men då kan me vel seg ja det enklare
soleis —? Ja, svara juristen, det er berre den skilnaden,
at då skynar alle meiningi!
At norskt bondemål høver til rettsmål, er naturlegt
og rimelegt: norske bønder hev frå gamalt vore fødde
juristar.
#
På ei ungdomsstemna i Hallingdal heldt professor
Gjelsvik foredrag um «nasjonal sjølwyrdnad». Det beit
seg fast i alle som høyrde det.
På heimferd frå stemna råka eg på trænet ein
høgre-mann; han spurde kva me hadde havt fyre på stemna.
Då eg nemnde foredraget «nasjonal sjølwyrdnad», sa han:
ja det ha me vel meir enn nok av her i landet! «Når De
segjer det, viser det at De hev for lite,» svara eg; eg peika
på eit døme frå Oslo, då folkemugen i 1893 demonstrera
mot Stortinget og takka kong Oskar for han hadde nekta
sanksjon på konsulat-lovi! «Det lydest som De siktar
til høgre-partiet ?» «Ja, De veit kva Alexander Kielland ein
gong sa: «Den norske høire-politikk i den siste halve
men-neske-alder har vært et eneste stort fedrelands-forræderi!»
«Er De skulemeister ?» spurde høgremannen. Ja, svara eg.
«Kan tenkja det!» sa han, «slike halv-studerte røvere! De
må nok læra om igjen, De, min unge mann! Eg er
kom-mander-sersjant! veit De kven som alltid laut ut or
ge-ledet og drikka vatn på utferdene? det var lærarane!»
Professor Arne Bergsgård, den gong ein ungdom, hev
mange år seinare fortalt meg at han sat der i kupeen og
fryda seg yver samanstøyten. På resten sa eg kven eg var,
og då vart sersjanten noko rar. Han kalla meg ut i gangen.
«Eg mistydde visst det foredraget av Gjelsvik!» sa han.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>