- Project Runeberg -  Ungdomsprest og ungdomslærar. Minne frå flytt og flakk i tjuge år /
142

(1942) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Bondeungdomslaget i Oslo

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

142

Til same ungdomsstemna hadde ein bygdedokter
skrive i ei avis og rive ned på meg, serleg lagt imot
det eg hadde sagt i eit foredrag um reformasjonen og
målstrevet. Han vilde ha det til at det var renessansen
som gav støyten til den nasjonale vokstren, ikkje
reformasjonen.

Eg svara han i eit foredrag um «overklasse-kultur og
folke-kultur»: renessansen var ei rørsla i «overklassen»,
reformasjonen var ei folke-rørsla.

I foredraget fortalde eg eit morosamt hende frå
Sørlandet. Det gav råkande illustrasjon: På eit kontor
i byen sat kontorgutane åleine då ein bonde kom inn.
Dei sette seg til å tuda og gråda. «Ka e tiss?» spurde
bonden. «Veid du ikkje det, at Gamle-Erik er dø ?» Nei
han visste ikkje det, han skulde elles betala ei rekning,
um det var råd? Ja dei stogga gråden, og tok imot
betalinga. So gav bonden kvar av dei ein fem-øring. «Ka
ska de vera te ?» spurde dei. «I okkors bygd hev me den
skikken, at når ein simpel mann døyr, gjev me borna hans
ein skjeling!»



På Horten heldt eg same foredraget ein sundagskveld
etter eg hadde havt gudstenesta i kyrkja um
fyremiddagen.

I eit Hortens-blad skreiv ein dosent: «Alt gikk i orden
i kirken, salmesang, ritual, kirkesvar! men vi måtte tenke
på en gudsteneste i den jødiske synagoge i Berlin, hvor
også alt fungerte fortreffelig! men det hele var dødt.»
Um foredraget skreiv han: «Her i landet har vi jo ingen
overklasse! stiftskapellan Anker fektet mot vær-møller!
og gjorde oss til kontakt-løse middelmådigheter alle som
ikke hørte til synagogen!» Han skulde vore i Bonde-

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:04:21 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abungprest/0144.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free