- Project Runeberg -  Um alderdomen (Cato den eldre) /
7

(1931) [MARC] Author: Marcus Tullius Cicero Translator: Eirik Vandvik
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Innleiding

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

INNLEIDING



Tidi kring år 150 f. Kr. er eit stort vende i den
gamle soga. Det romerske krigarfolket hadde vunne
dei veldige landviddene i Spania, Afrika,
Makedonia o. s. b., som gjorde Rom til ei
heimsmakt. Umlag samstundes med at punane må
gjeva upp sjølvstendet sitt i Afrika, fell den
lovsungne hellenske fridomen for dei romerske
legionane. Men usigeren åt hellenane vart innleidingi
til ei sigersferd for den gamle Hellas-kulturen, —
ei sigersferd gjenom Vestheimen lik den sigersferdi
som den same kulturen hadde gjort gjenom
Austheimen i lag med herane åt Aleksander den store.
Med full rett kunde den romerske skalden Horats
segja ei tid etter: «Taparen Hellas vann på den
ville sigervinnaren.»

Den kulturelle sigeren åt hellenane kom elles
ikkje dått på; han hadde vore fyrebudd ei tid.
Romarane hadde alt vunne å føra heim ein del
gresk kunst og hadde so vidt kome burt i den
greske filosofien. Dei hadde bygt seg tile etter
gresk mønster, dei hadde fostra fleire
skodespeldiktarar som hadde gjenge aust um hav etter
tankar og emne for dikting; greske filosofar hadde

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Jan 24 20:37:47 2025 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/alderdom/0013.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free