Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Innleiding
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has been proofread at least once.
(diff)
(history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång.
(skillnad)
(historik)
diktaturplanane åt Cæsar og arvtakarane hans. Men
fridomen og republikken var dømde til undergang.
År 48 f. Kr. vann Cæsar yver Pompeius i slaget
ved Farsalos og tufta so einstyret sitt i Rom. Rett
nok fall Cæsar for mordarhand år 44, men
republikanarane fekk liten grunn til å gleda seg;
Antonius og Oktavian tok arven upp etter Cæsar,
og no gjekk det hardt utyver motmennene. Ein av
dei fyrste som stupte, var Cicero (år 43).
I sine siste tunge år, då han var utestengd frå
statslivet og med sorg måtte sjå på at det gjekk
tilbake med alt han brann for, tok Cicero uppatt
det filosofiske studiet. I filosofien fann han trøyst
både for motgangen i det politiske livet og for den
tunge sorgi yver dotteri, Tullia, som døydde ved
det leitet. På tvo år — frå 46 til 44 — arbeidde
han ut 17 filosofiske verk; ei heil rad av dei hev
me enno. Det ser ut til at han hev arbeidt på
spreng for å gløyma alt som pinte. Det er verk
um teologiske spursmål, som boki «um gudane si
natur», moralfilosofiske verk, som boki «um
pliktene», og endeleg små etiske trøyste- og
uppbyggjingsbøker, som «Lælius — um venskapen» og
«Cato den eldre — um alderdomen».
Dei tvo siste bøkene hev mykje sams med den
filosofiske uppbyggjingslitteraturen som skulde
bløma so rikt under keisartidi, og som skriftene
åt Seneca, Mark Aurel og Epiktet er gode
prøvor på.[1]
«Cato den eldre — um alderdomen» er vigd til
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>