Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Innleiding
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has been proofread at least once.
(diff)
(history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång.
(skillnad)
(historik)
bestevenen åt Cicero, Titus Pomponius Atticus.
Dei tvo venene var båe komne inn i den
«mødesame» alderdomen, og det er trøyst mot den Cicero
vil gjeva både seg sjølv og venen med denne boki.
Trøystegrunnane hev forfattaren funne hjå greske
tenkjarar, ja han hev i sume stykke umsett
fyrebileti ordrett å kalla. Soleis er innleidingi og
noko av utgreidingi ein noggrann kopi av dei
fyrste kapitli i Platons Staten. Umtalen av dauden
bak i boki og tankane um eit liv etter dette er
plukka ut or dei tvo Platonskriftene
«Forsvarstalen åt Sokrates» og «Faidon».[1] Men mangt er
ogso Cicero sitt, soleis alle dømi som han nemner
frå romarsoga.
Liksom i «Lælius — um venskapen» vrakar
Cicero her og den abstrakte vitskaplege
framstellingsformi; den vilde falla for tung for romaren,
uvan som han var med filosofisk lesnad. I staden
nyttar han dialogformi, samtaleformi, som gav
høve til å skildra forvitnelege småscenor inn i
millom, og som soleis kunde halda lesaren vaken.
Serleg måtte det gleda romaren å råka att nokre
av dei gjævaste menn or soga i denne
samrøda.
Samrøde kann ein på ei vis ikkje kalla boki, for
det er mest berre hovudpersonen som fører ordet;
dei tvo andre som er med, Lælius og Scipio, kjem
berre med ein og annan småmerknaden som
merkjer av bolkane i utgreidingi.
Når Cicero let Cato, Lælius og Scipio føra
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>