Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Innleiding
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has been proofread at least once.
(diff)
(history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång.
(skillnad)
(historik)
Publius Cornelius Scipio Aemilianus Africanus
d. y., som mannen kom til å heita med
heiderstitelen, var son åt Æmilius Paullus og fosterson åt
Publius Scipio, som atter var son åt Africanus d. e.
Han var 35 år gamal på den tid denne samtalen
vart halden. I 17-årsalderen hadde han merkt seg
ut i heren åt faren i slaget ved Pydna (168). 20
år etter gav folket han konsulatet, utan at han
hadde søkt det. Året etter (146) øydela han
Kartago. Då var Cato avliden; den gamle
punarfienden som alltid hadde bede våbøner yver bystaten
i Afrika, fekk soleis ikkje sjå det store ynsket sitt
uppfyllt. — Scipio hadde òg stor godhug for
vitskap og kunst, og han samla dei fremste filosofar
og skaldar kring seg.
Caius Lælius er eit namn som er nær knytt til
Scipio d. y. i romarsoga; venskapen millom dei var
vidgjeten, ikkje minst ved at Cicero valde Lælius
til hovudperson i dialogen «Um venskapen». Han
fylgde venen sin til Afrika for å knekkja Kartago,
merkte seg ut i ein krig i Spania og sat seinare
konsul i lag med Cæpio (140). Tri greske
filosofar, som vitja Rom år 155, vekte interessa hans
for filosofien; det var den stoiske skulen han
heldt seg til. I Scipio-krinsen var det få romarar
som gjorde so mykje av seg som Lælius. Han vert
skildra som ein godlidande, livfull og åndrik mann.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>