- Project Runeberg -  Um alderdomen (Cato den eldre) /
12

(1931) [MARC] Author: Marcus Tullius Cicero Translator: Eirik Vandvik
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Innleiding

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

samrøda, so er det fordi han vil gjeva tankane sine
større vekt millom lesarane. Desse menn høyrde
til dei mest namnfræge i romarsoga, so folk gav
sjølvsagt gaum på meiningane deira. Men der er
ein fåre med å føra ein historisk person inn i eit
verk som dette, og den fåren hev heller ikkje
Cicero sloppe undan; han hev laga hovudpersonen
um, so han i mange stykke ikkje samsvarar med
den Cato me kjenner frå soga. Soleis hev han gjort
den ihuga føraren for det romerske patriotpartiet
altfor gresk og grekarvenleg.

Marcus Porcius Cato var ein gamal mann på
den tid som samtalen er lagd til (år 150 f. Kr.).
Han var fødd år 234 i Tusculum i Latium og
høyrde til ei gamal jordadelsætt. I unge år kom
han med i krigen mot Hannibal (218—201) og
tente under Quintus Fabius Maximus. Den
største hermannsdådi si gjorde han elles i krigen mot
kong Antiochus av Syria, som leid ein øgjeleg
usiger ved Termopylane år 191. Seinare gjekk han
serleg upp i statslivet, der han gjorde seg åtgådd
ved visdomen og rettvisa si. Han la seg ogso etter
talekunst og soge; det fyrste latinske sogeverket på
prosa kom soleis frå hans hand; det var
«Origines», som fortalde um Rom og dei italiske statane
i den eldste tidi. Korkje sogeverket eller talar og
brev som han ogso hev skrive, er til lenger.

Millom Scipio og Lælius rådde der ein varm og
trufast venskap. Dei hadde teke venskapen i arv
frå federne, for fosterbestefar åt Scipio, Scipio
Africanus d. e., og far åt Lælius, Caius Lælius d. e.,
hadde ogso vore gode vener.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Jan 24 20:37:47 2025 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/alderdom/0018.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free