Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 1
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has been proofread at least once.
(diff)
(history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång.
(skillnad)
(historik)
henta deg heim frå Aten, men ogso daning og
visdom. Og likevel hev eg ein mistanke um at du
stundimillom gjeng og plagast med dei same tunge
tankane som eg sjølv.[1] Det er vandesamt å finna
trøyst mot slike tankar, so det fær står ut til eit
anna høve. No hev eg tenkt meg til å skriva noko
til deg um alderdomen.
Eg vil at både du og eg skal finna noko som
kann letta den byrdi som alderdomen anten alt
hev lagt på oss eller vil leggja på oss. Eg veit
fulla godt at du ber og vil bera denne byrdi, som
alle andre, med tolmod og visdom. Men likevel, då
eg vilde skriva litt um alderdomen, rann det meg
i hugen at du var verd denne gåva, som me båe
kunde hava gagn og glede av. Eg for min part hev
havt slik hugnad av å setja upp denne boki at eg
gløymde alle mødone med alderdomen, ja
alderdomen vart beintfram ljos og hugleg for meg. Ein
kann difor aldri rosa filosofien høgt nok; den som
gjev seg av med dette faget, kann leva utan møde
gjenom alle livsbolkane. Eg hev so ofte fyrr tala
um dei andre gode verknadene som filosofien hev,
og eg kjem og til å tala um dei seinare både tidt
og trått. I denne boki, som eg her sender til deg,
held eg meg berre til alderdomen.
Eg legg ikkje røda i munnen på Tithonus, slik
som Ariston frå Keos gjorde;[2] segner er no
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>