- Project Runeberg -  Um alderdomen (Cato den eldre) /
19

(1931) [MARC] Author: Marcus Tullius Cicero Translator: Eirik Vandvik
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 2 - 3

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

19

Cato: Ja, det skal eg gjera, Lælius, — serleg
når de vil setja pris på det, som du segjer.

Lælius: Me vil gjerne få sjå, Cato, dersom du
ikkje hev noko imot det, korleis det ser ut på den
staden som du hev nått fram til på den lange ve-
gen me Og må gå.

3. Cato: Eg skal visa dykk det, so godt eg kann,
Lælius. Eg hev so ofte høyrt på jamaldringane
mine — like born leikar best, segjer ein for eit
gamalt ord — når dei knaurar yver alderdomen.
Eg høyrde korleis Caius Salinator og Spurius Albi-
nus, som båe hadde vore konsular og var umlag
på same alder som eg, lét ille snart fordi dei ikkje
lenger hadde dei njotingar som etter deira mei-
ning måtte til um livet skulde ha noko verd, og
snart fordi dei meinte dei vart vanvyrde og ned-
sedde av folk som fyrr hadde set upp til dei.
Etter mitt syn la dei ikkje skuldi på det som skuld
fortente. For skulde alderdomen vera årsaki til
dette, so måtte då eg og røyna det same som dei,
og alle andre gamle folk med meg. Men eg kjen-
ner mange som trøyter alderdomen utan klynk og
klage, og som ikkje tek det so tungt at dei er
løyste or lekkjone åt lystene og giren, og som
heller ikkje vert vanvyrde av venene sine. Nei, når
folk klagar slik, er det deira eige huglag som hev
skuldi, — ikkje alderdomen; for den gamlingen
som veit å styra seg og ikkje er vandræden og
rang, han fær ein tolleg alderdom; men ranghug
og rangkynde gjer alle livsbolkar tunge og vande-
same.

om Få 3 IE rn ye

arm ms" —— mn

Eggen

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Jan 24 20:37:47 2025 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/alderdom/0025.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free