Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 4
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
21
med godmøle, og alderdomen hadde ikkje brigda
lyndet hans på nokon måte. Han var no elles ik-
kje so sers gamal då eg byrja å halda lag med
han, men han var då likevel bra upp i åri komen.
For året etter eg kom til, var han konsul for fyr-
ste gong; og då han sat konsul fjorde gongen,
drog eg som ung hermann med han til Capua og
fem år etter til Tarent. Fire år etter vart eg
kvestor; det embetet styrde eg medan Tuditanus
og Cetegus var konsular. Same året tala han for
Cincius-lovi, og var alt då tilårskomen mann. So
gamal han var, førde han krig som um han stod
i sin fulle brage, og trøyten og tolsam som han
var, sette han bægje for Hannibal som ræste fram
ungdomsbrå og fus. Det er um dette han talar so
råkande, samlendingen vår, Ennius:
Ein mann varde vårt land og heldt det ved lag
med å drøla.
Hædingi beit ikkje på, — han tenkte på velferdi
vår, han.
Difor vart namnet hans stort, og no det endå meir
brikjer.
Kor vaken, kor klok var han ikkje då han vann
att Tarent! Det var den gongen Salinator, som
hadde gjeve upp byen og søkt livd på byborgi, lest
vera kar og sa at Quintus Fabius kunde takka honom
for at han vann att byen. «Ja, det er sant nok,» lo
Fabius (eg var sjølv til stades og høyrde på det),
4. Quintus Fabius Maximus, diktator under 2. punarkrigen,
fekk tilnamnet «drølaren» for den seine krigsførsla si. —
Cincius-lovi sette forbod mot sakførar-salær.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>