- Project Runeberg -  Um alderdomen (Cato den eldre) /
23

(1931) [MARC] Author: Marcus Tullius Cicero Translator: Eirik Vandvik
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 5

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

23

urett det er å hevda at ein sovoren alderdom er
ulukkeleg. No kann sjølvsagt ikkje kven det er
vera ein Scipio eller ein Maximus og gleda seg ved
minni um hertekne byar, um slag på sjø og land,
um krigar han sjølv hev ført, og triumfar han hev
halde. Det er so. Men ogso når ein hev levt i ro
og sedeleg reinleik, fyl det ein ljos og gild alder-
dom. Ein slik alderdom timdest Platon, hev me
høyrt, han som andast med penn i hand i sitt
ein og åttiande år, — og Isokrates, han som segjer
han skreiv boki «Panathenaikos» i sitt fire og
nittiande år, og som enno levde fem år etter. Læ-
raren hans, Gorgias frå Leontinoi, fyllte hundrad
og sju år og vart aldri trøytt av å lesa og skriva.
Det var han som sa, då han vart spurd kvifor han
iddest leva so lenge: «Eg hev ikkje nokon grunn
til å klaga på alderdomen.» — Eit storfelt svar,
slik det sømde seg ein dana mann! Det er nemleg
sine eigne lyte og si eigi skuld dårane velter yver
på alderdomen; men det gjorde ikkje den mannen
eg nemnde her i stad, — Ennius, han som segjer:

Gamal og sliten kviler han no — som den fjøruge
hesten,

han som so tidt bar sigeren heim frå Olympia-
skeidet.

Han samanliknar sin eigen alderdom med alder-
domen åt ein sterk og sigersæl hest. Han vart sytti
år gamal, og i so høg ein alder bar han dei tvo

5. Isokrates (436—338 f. Kr.), vidgjeten lærar i talekunst.

Gorgias, den kjende sofisten, levde på Sokrates si tid.

Mange av dei gamle filosofane heldt sjølvmord for fullt
tillate, difor: «kvifor han iddest leva so lenge».

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Jan 24 20:37:47 2025 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/alderdom/0029.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free