Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 5 - 6
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
24
byrdene som folk held for dei tyngste, armod og
alderdom, so lett at det såg ut som han fann glede
i dei.
No ja, når eg tenkjer meg um, finn eg fire grun-
nar til at alderdomen synest tung og eleg. Den
fyrste er at han hindrar oss i å arbeida, den andre
at han veikjer kroppen, den tridje at han stel frå
oss alle njotingar so å segja, og den fjorde at han
ikkje er langt undan dauden. Er de huga på det,
so lat oss sjå etter kor mykje det ligg i kvar av
desse grunnane.
6. Alderdomen hindrar oss i arbeidet. — I kva
slag arbeid? I det arbeidet som krev ungdom og
lekamskrefter, ja. Men er der ikkje åndsarbeid
som gamlingen kann makta, fordi um kroppen er
veik? Korleis var det med Quintus Maximus, —
tok han seg ikkje til med noko, han? Eller far
din, Scipio, den gjæve Lucius Paullus, verfar åt
den gilde son min? Eller dei andre gamlekarane,
Fabricius, Curius og Coruncanius, — gjorde dei
ingenting, dei som varde staten med dei kloke rå-
dene sine og sin mektuge personlegdom? Appius
Claudius hadde og det å mødast med attåt alder-
domen at han var blind, — og likevel, den gongen
senatet heldt på og skulde gjera fred og semje med
kong Pyrrus, eva han seg ikkje med å segja dei
ordi som Ennius hev sett i vers:
Faste og støde i hugen de alltid dykk viste og
tedde:
kvifor lét de dykk no av vitløysa dåra og
bøygja?
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>