Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 6
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
DG
Han lét ogso falla andre ålvorsord, — ja, de
kjenner sakte kvedet åt Ennius; og elles hev me
enno den talen han heldt. Sjå, dette gjorde han
syttan år etter sitt andre konsulat; ti år var lidne
millom det fyrste og andre konsulatet, og attpå
hadde han vore sensor fyre det fyrste. Av dette vil
de skyna at han var langt upp i åri komen under
Pyrrus-krigen, og likevel kunde han, etter det
federne fortel, stiga fram med slik ein styrke.
Det er difor berre noko tøv dei fer med, dei som
segjer at alderdomen ikkje er arbeidsfør. Det er
det same som um ein vilde segja at styrmannen
ikkje arbeider umbord på skuta, fordi han sit i
ro og mak ved styrevolen, medan dei andre kliv
i mastene, onnar med eitkvart millom toftone eller
tømer austeren.
Han gjer ikkje det som ungdomen gjer, den
gamle. Det er sant nok. Men han gjer det som
større og viktugare er. Det er ikkje med sterke
senar og spræke lemer ein gjer storverk, men ved
rådsløgd, ved ein sterk personlegdom og ved vise
ord. Og evna til å arbeida på denne måten minkar
ikkje, men tvertum aukar med åri. De trur då vel
aldri at eg, som hev vore med i mange slag krigar
både som soldat, tribun, legat og konsul, sit med
hendene i fang no då eg ikkje er med og krigast
lenger? Å nei, — eg hev anna å gjera. Eg gjev
senatet råd, segjer frå um kva som bør gjerast, og
korleis det bør gjerast. Eg manar til krig mot
Kartago, som lenge hev set skeivt til oss; aldri
fær eg fred for otten min fyrr eg fær høyra at
byen er lagd øyde. Det var å ynskja at gudane
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>