- Project Runeberg -  Um alderdomen (Cato den eldre) /
40

(1931) [MARC] Author: Marcus Tullius Cicero Translator: Eirik Vandvik
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 13

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

40

Curius og Tiberius Coruncanius høyrde desse vis-
mannsordi, ynskte dei at dei kunde få samnitane
og sjølvaste kong Pyrrus til å leva etter denne
læra; for når dei fyrst gav seg lystene i vald, vilde
det verta mykje lettare å vinna yver dei. Manius
Curius hadde levt i lag med Publius Decius, som
ofra livet for fedrelandet fem år fyre fyrste kon-
sulatet til Curius, då Decius sjølv sat konsul for
fjorde gong. Ogso Fabricius og Coruncanius hadde
kjent honom. Desse mennene hevda ut ifrå si eigi
livsførsle og serleg ut ifrå dådi hans Decius, at
der verkeleg finst noko som er vent og storfelt i
seg sjølv, og som ein trår etter for dess eigi skuld;
og di betre ein mann er, di meir legg han seg etter
dette, alt medan han vandar sansenjotingane.

Men kvifor talar eg so mykje um njotingane?
Jau, fordi det skal stå klart for dykk at det ikkje
er noko lyte ved alderdomen, men tvertum ein
fyremun, når han ikkje trår noko serleg etter
njotingar. Han gjeng fri tallause retter, mattyngde
bord og talrike vinstaup, og han er dermed ogso
fri rusen, meltingsvanskane og svevnløysa.

Men skulde ein no likevel gjeva litt rom for
njotingane, — der er då alltid noko freistande og

13. «Visdomslæraren» er Epikur; njotingslæra hans vart
mykje mistydd og rengd, serleg hjå romarane som trudde
ho berre var ei uppmoding til å godgjera seg i alle slag
sansenjotingar.

Publius Decius Mus ofra livet for fedrelandet i slaget
ved Sentinum (295) i krigen med samnitane. Pyrrus, konge
i Epirus, førde krig med romarane (281—275).

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Jan 24 20:37:47 2025 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/alderdom/0046.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free