- Project Runeberg -  Um alderdomen (Cato den eldre) /
39

(1931) [MARC] Author: Marcus Tullius Cicero Translator: Eirik Vandvik
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 12 - 13

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

39

ingane med vit og forstand, so må ein vera stor-
leg takksam mot alderdomen so sant han fører
med seg at ein ikkje hev lyst på slikt ein ikkje
bør ha lyst på. For sansenjotingane meinkar den
klåre tanken, dei er vitet sine fiendar, dei syn-
kverver sjeli, um eg so måtte segja, og dei hev
ikkje noko samkvæme med dygdi.

Eg skal nemna eit døme på kva njotelysti kann
driva mennesket til. Det var med uglad hug at eg
som sensor støytte Lucius Flamininus, bror til den
hæve Titus Flamininus, ut or senatet. Men eg tykte
eg laut refsa lauslyndet hans. I den tid då han var
i Gallia som konsul, hende det i eit drikkelag at ei
frille bad han at han skulde halshogga ein av dei
brotsmennene som sat fengsla, og Flamininus
gjorde henne til lags. Han slapp straff so lenge
broren, Titus, var sensor, — det var han som sat
i sensorembetet fyre meg. Men eg og embetsbror
min, Flaccus, fann sjølvsagt at me ikkje kunde
lata vera å straffa ei so skamlaus og avstyggjeleg
vellyst; for denne skjemdardådi hadde då kasta
skam både yver mannen sjølv og yver embetet hans.

13. Ofte hev eg høyrt fortalt av eldre folk, som
atter sa at dei hadde høyrt det i sin barndom av
gamle folk, at Caius Fabricius pla undra seg yver
noko han hadde høyrt av Kineas frå Tessalia på
den tid då han var ved hovet åt kong Pyrrus som
sendemann. Denne Kineas hadde fortalt at der
levde ein mann i Aten som gav seg ut for visdoms-
lærar, og denne mannen hadde hevda at alt det ein
gjorde, burde ein gjera for njotingane. Då Manius

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Jan 24 20:37:47 2025 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/alderdom/0045.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free