Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 13 - 14
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
42
fann eit høveleg namn på desse venelagi, då dei
kalla dei convivia, — for dei fører vener saman.
Det er betre dette namnet enn det greske, for gre-
karane kallar det snart drikkelag og snart matlag,
og ein kjem soleis til å tenkja mest på det som i
grunnen er minst viktugt i sovorne lag.
14. For skuld den kveikjande røda finn eg Og
hugnad i lag som dreg lenger ut enn til vanleg,
ikkje berre saman med jamaldringar, — dei er det
elles få att av no —, men og saman med folk på
dykkar alder, og då serleg saman med dykk tvo.
Og eg kann ikkje fulltakka alderdomen for at han
hev auka hugen til å røda med folk og minka hugen
på mat og drykk. Men skulde det vera nokon som
ogso set pris på slike ting (eg segjer dette for at
det ikkje skal sjå ut som um eg reint hev lyst krig
mot njotingane; for det er kannhenda i samsvar
med naturi at der er eit visst mål av dei), so kann
eg ikkje skyna at alderdomen skulde vera kjensle-
laus for sovorne njotingar. Eg for min part tykkjer
det er trøysamt å føra forsætet i gildi, — ein skikk
som federne våre fann på —, og trøyta tidi med
skåltalar frå høgbord og laget rundt, eller å drikka
av staup som er små og berre yter dropar um gon-
gen, slik ein høyrer det gjeng for seg i det «drikke-
laget» som Xenofon skildrar i boki med dette nam-
net, eller å svala seg i skuggen um sumaren og
kosa seg ved åren eller sola seg um vinteren. Slikt
gjer eg ogso ute i sabinar-landet på garden min der:
eg er dagstødt i lag med grannane mine, og me sit
convivium tyder i røyndi samliv.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>