- Project Runeberg -  Um alderdomen (Cato den eldre) /
43

(1931) [MARC] Author: Marcus Tullius Cicero Translator: Eirik Vandvik
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 14

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

43

til langt på natt og dreg ut samværet best me kann
med prat um laust og fast.

Ja, men dei gamle kjenner ikkje so mykje til
den <«kitlande» njotingi, segjer sume. Det er sant
nok, men dei trår ikkje etter det heller. Og det
ein ikkje trår etter, det greider ein seg godt for-
utan. Han svara godt, den aldruge Sofokles, den
gongen han vart spurd um han enno fann hugnad i
elsk: «Nei, gudskjelov er eg komen framum det;
eg hev rømt frå det som frå ein hard og vond hus-
bond.» Kannhenda dei finn det tregeleg at dei må
gjeva avkall på slikt, dei som er huga på det; men
for dei som hev fenge metten sin, er det gildare
å vera fri det enn å njota det. Endå «fri» er vel
ikkje rette ordet um den som ikkje trår etter det;
lat meg heller segja det slik: Det at ein ikkje trår
etter det, er gildare.

Um no ungdomen gildar seg i gledor av det sla-
get me nemnde, so er det for det fyrste berre verd-
lause njotingar, som fyrr nemnt, og for det andre
er det slike gledor som alderdomen slett ikkje må
umbera, jamvel um han ikkje hev dei i so rik mun.
Liksom hugnaden er størst for den som sit på
fremste skodeplassen og ser på skodespelaren Tur-
pio Ambivius, medan den som sit på attarste ben-
ken og kann hugga seg, soleis hev kanskje ung-
domen den største hugnaden, sidan han hev njot-
ingane nær innpå seg, men alderdomen som hev dei
meir på fråstand, fær og njota det han lyster.

Og kva hev det ikkje å segja dette at sjeli, når
ho hev tent ut hertenesta si hjå lystene, æregiren,
kivet og uvenskapen, endeleg kann få vera saman

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Jan 24 20:37:47 2025 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/alderdom/0049.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free