Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 15 - 16
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
48
avl, biavl og brikjande blomar. Og det er ikkje
berre utplanting og såing som skaper glede, men
ög poting, som er den gløggaste av alle jordbruks-
uppfinningar.
16. Eg kunde godt nemna endå fleire gledor ved
jordarbeidet; men eg merkar at eg hev bruka for
mykje tid som eg hev. De lyt orsaka. Godhugen
min for dette yrket hev rive meg med, og dessutan
er det no alderdomen likt at han er heller prat-
sam, — det fær eg vedgå, so det ikkje skal sjå ut
som eg fritek han for alle lyte. No, — i dette yrket
trøytte Manius Curius siste leveåri sine, etter han
hadde triumfera yver samnitarane, sabinarane og
Pyrrus. Når eg ser garden hans, som ikkje ligg
langt frå min eigen, lyt eg alltid med ovundring
koma i hug nøgsemdi åt denne mannen og åndi
frå hans tid. Samnitane kom eingong til han med
ei stor mengd gull, medan han sat heime ved åren.
Men han viste dei burt med desse ordi: «Eg ser
ikkje noko gjævt i å eiga gull sjølv, — då er det
gjævare å bjoda yver slike som hev gull.» Skulde
ikkje eit so upphøgt huglag gjera alderdomen ljos
og gild? Men eg kjem atter tilbake til jordbrukar-
ane, for at eg ikkje skal koma burt ifrå meg sjølv.
Senatorar, — og det vil altso segja gamle folk —,
levde på gardane sine i den tidi. Det vert allvisst
fortalt at Lucius Quinctius Cincinnatus gjekk og
pløgde då han fekk melding um at han var ut-
nemnd til diktator. Både Curius og andre gamilin-
gar vart kalla frå gardane sine og til senatet; etter
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>