Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 15
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
47
vår spring det fram knuppar ved ledknutane, på
dei greinene som hagekniven hev spart; i desse
knuppane ser me det fyrste teikn til druvone. Jord-
råmen og solvarmen set skot i voksteren åt frukti;
til å byrja med er ho beisk på smak, men ho søt-
nar ved mogningi; ho klæder seg i vinlauv, so at ho
fær høveleg varme og kann verja seg mot soli, når
ho steikjer for sterkt. Kva kann vel vera herlegare
for tunga enn druva, — fagrare for auga?
Men det er, som eg fyrr sa, ikkje berre nytta
av frukti eg trøyer meg ved, og heller ikkje berre
den kraft og det serlag som bur i jordi; eg hev
ogso stor gleda av sjølve dyrkingi, — av å reisa
styttor i lange rekkjor, leggja tverrstenger yver
styttone, binda rankone fast og breida dei ut,
og som fyrr nemnt, skjera av nokre nyskot og
setja andre att. Og kvi skal eg nemna arbeidet
med å vatna jordi, grava grøfter og hakka i moldi,
— alt saman slikt som gjer jordi mykje gror-
næmare? Eller treng eg her tala um gagnet av
hevding? Det hev eg skrive um i boki mi um jord-
bruket. Då den lærde Hesiod skreiv um jorddyr-
king, nemnde han ikkje eitt ord um å hevda jordi.
Men Homer, som eg trur hev levt mange manns-
aldrar fyre Hesiod, fortel at far åt Odyssevs, den
gamle Laértes, dyrka og hevda åkeren sin for å
døyva den sakn og den sorg som han tok seg av at
sonen var burte. Elles er det ikkje berre åkrar,
engjar, vingardar og treplantingar som gjer jord-
bruket so gildt, men og hagar og fruktmarker, fe-
15. Hesiod, gresk bokmann som truleg levde i det 7. h.å.
Den skrifti Cicero her siktar til, er «Verk og dagar».
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>