Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 16 - 17
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
50
lor og terningar, so kann han hava alle dei andre
leikane og speli for seg sjølv. Og elles kann han
gjera som han vil med terningane og, det skil oss
ikkje um han unner oss dei eller ikkje, for me
greider oss godt utan dei.
17. Bøkene åt Xenofon hyser mange lærdomar.
Difor bed eg dykk at de må lesa dei idugt. Det
veit eg elles at de gjer. Kor han læt vel yver jord-
bruket i den boki som heiter «Den gode hushalda-
ren»! De må vita at det fanst ikkje nokon ting
som for han var so kongeleg som godhugen for og
arbeidet med jordi. I denne boki talar Sokrates
med Kritobulus, og han fortel at spartanaren Lys-
ander, denne makelause mannen, eingong kom til
den gåverike og hæve persarkongen Kyrus i Sar-
des med gåvor frå samlagsbrørne hans. Kyrus var
godlidande og beinsam mot han. Millom anna viste
han honom eit inngjerdt stykke som var tilsått og
tilplanta med stor umhug. Lysander bisna på dei
mjåe trei i dei rake rekkjone som skar kvarandre,
og på den velstelte, reine jordi, og han naut den
søte angen som blomane anda ut. Han sa då at
han var reint upp i under yver umhugen og klok-
skapen hjå den mannen som hadde mælt upp og
delt inn stykket. Då svara Kyrus: «Det er eg sjølv
som hev mælt upp, eg som hev skipa trei i rader,
og eg hev med mine eigne hender planta mange av
dei.» Lysander såg på purpurklædi åt kongen og
på den glimande persiske stasen med alt gullet og
alle dei dyre steinane; so sa han: «Ein kann gjerne
kalla deg lukkeleg, Kyrus, for hjå deg er lukka
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>